15. jun, 2016

15 juni.

Veka eg var i Koparvik og Hugesund var så kjekk! Kor dagane blei av veit eg ikkje, dei berre fauk avgarde. 

For første gong har eg vore på besøk hos nokon som driv med utstillingsundulat, og har fått vore i deira fuglehus. 

Torsdag 9 juni, var eg først hos Leif og Hellen Olsen. Det var så kjekt hos dei, og Leif sit med ei vanvittig erfaring og svarte meg på det eg lurte på og han forklarte og fortalte. Tenk å kunne få kome i eit fuglehus, der det blir peika og forklart meg ting eg har lurt på, men også bekrefta det eg har tenkt. 

Eg visste at det skulle bli med meg to fuglar heim, men når eg gjekk derifrå, hadde eg 6 fuglar i kassa. Smiler stort

 

Seinare på dagen var eg hos Anne Elise og Kjell Olsen, og det var det samme der. Ein kjempefin velkomst, og eg blei vist og forklart og fekk sett. Kjell hjelpte meg også med den siste finishen på fuglane mine før utstillinga, i og med eg er ganske usikker på det og føler behov for hjelp.

Tida fauk så fort, som det gjer når ein er i godt lag.  Eg må sei det holdt hardt å ikkje kjøpe med meg fugl derifrå også, men eg beit tennene hardt saman og tenkte nei, nei, nei, eg har nok fugl!! Men fader så vanskelig det er, når eg såg den eine etter den andre som verkeleg tiltalte meg.

fredag seinettermiddag var det innsjekking av fuglar der utstillinga skulle ver på Scandic Maritime hotell i Haugesund. 

Synes det var så kjekt å møte igjen dei eg traff i Drammen på LU og ekstra stas var det å møte dei eg har jamnleg kontakt med på telefon. For ikkje å snakke om kor mange flotte fuglar der var!

Utstillinga starta på laurdag litt før kl 11.00. Igjen så blei det ein kjempefin opplevelse for meg. Då tenker eg ikkje berre på resultat, men folka som deltok, eller var der for å lære med det målet å stille neste år. 

Det er ikkje noko trykka alvorstung steming, der du ikkje kan tørre å prate med nokon, eller ikkje tør å slå av ein spøk. Er det noko ein lurer på og ikkje forstår, er der alltid nokon som hjelper og svarar. 

Det er mange inntrykk og eg kjende eg blei litt sliten i hovudet utover dagen, så alt fekk eg ikkje med meg. 

Litt mat og kvile ein times tid gjorde underverk, og kvelden/festmiddag og premieutdelinga, var også lagt opp til ein flott opplevelse og lett, god og avslappa steming. 

Det blei å køyre heile vegen him på søndag, medan fuglane sat i bur i baksetet og kvitra om kapp med musikken. 

Mine fuglaar eg hadde med, var kanskje litt lei av å måtte bo i bur? Ikkje veit eg, men dei virka i allefall glad for å kome heim i boligen igjen og sitt normale liv. Kul

Dei nye eg hadde med heim, såg også ut til å ta turen med fatning, og fekk kome over i eit stort romsleg bur eg har i vinterhagen.

I og med eg ikkje har sett noko reaksjonar på dei, fekk dei sleppe inn i volieret i dag, der dei har knaska gras, grave i molda, flyge, sola seg og gjort seg kjend med dei andre. Kul