5. jun, 2016

Siste dag med trening

I dag er det siste dag med trening før reisa startar og øvingskassene kan demonterast og bli gjort rein.

Vi har holde på ein del veker og dei har vore så flinke og samarbeidd så godt! No er det ikkje noko meir vi kan gjer. 

Eg har trena 9 fuglar og i dag, seinast i morgo formiddag, må eg ta ein bestemmelse om kven som blir med. Det synes eg er vanskelig. Eg er så subjektiv når det gjeld mine eigne fuglar. Men, eg trur at Saga og Ohio går ut. 

Saga er ei fin jente, og svært verdifull for meg, men eg synes ho foreløpig har for lite preg som utstillingsfugl. 

Ohio kan sitte heilt nydelig på pinnen, men han har tendens til å henge litt med vingane, så eg trur han går ut også. Eg har likevel 7 stk. No er det framleis nokre dagar til laurdag og utstillinga og mykje kan skje. Nokon kan finne på at dei skal skifte ut ei slagfjør eller halefjør på turen. 

Eg må også starte å pakke i bilen i dag og sjå kor i all verden eg skal få plass til alt. I og med de blir så mange dagar, skal fuglane ha det bra og eg må ta dei to største bura eg har som eg kan få plass til i baksetet. Utstillingskassene skal også bli med og eg må tenke på kva både fuglane og eg treng i løpet av ei veke. Blinker