3. jun, 2016

Fredag 3 juni.

Utstillingskassene mine er vaska og eg har fått skifta ut dei korte pinnane. No skal eg berre flikke litt over dei i morgo eller søndag, slik dei er skikkelige. 

Eg er vel egentlig ganske så på plass på kven som skal få bli med på reisa til Haugesund. Har eg gjort rett valg? Ja, det trur eg. Er dei gode nok?? Hmmm, mmmmmneii, det trur eg ikkje.

Men ok det er det eg har. På turen min skal eg besøke to oppdretterar som har lang erfaring og er veldig flinke. Den eine skal hjelpe meg med sise finishen  på fuglane før utstillinga, som eg set veldig stor pris på. Den andre er ein eg ikkje har møtt, men som likevel har betydd så mykje for meg og eg har snakka med på telefon mange gongar og har teke meg under sine vingar.

Mht. utstillinga, eg håpar veldig på at dommaren er flink å forklare valga sine, i eit håp om eg skal lære meir.

Det er ikkje så lett å ver fersking og kunne forstå alt og sjå det eg skal sjå og forstå. Det er læring. Og eg har ein lang veg å gå, -endå.

Så må eg få lov å gi heder og ære til dei som står bak meg. Som hjelper meg med fuglar og praktiske råd og gir av si tid. Ein ting veit eg. Utan deira støtte, oppmuntring, råd og forklaring og inkludering, då hadde eg aldri vore der eg er i dag, -på terskelen til ei rimelig ny verd. 

Sum summarum, eg gler meg veldig til neste helg. Ikkje fordi eg trur eg har så mykje å bidra med tanke på fuglane, men heile settinga med ein flott gjeng.