28. mai, 2016

28 mai

No er dei nye fuglane på veg frå Østfold og hit nord. Dei kjem til Søre-Sunnmøre ein gong seint i kveld eller litt ut på natta. 

Då er det å sette seg i bilen i morgo tidlig å reise å hente dei. Eg har sett bilder av nokon av fuglane, men ikkje alle, så eg er knallspent! Det å ha flinke folk i NUK som hjelper meg og plukkar ut fuglar som passar til meg, sett eg virkelig stor pris på! 

Eit stort bur er gjort klar til dei og no sitt eg å tygg på namn til dei. Det er jammen ikkje lett å ver kreativ å kome på namn som eg ikkje har brukt før, og som også skal passe på fuglen.