24. mai, 2016

Innflytting

I dag blei det saga hol for slusa igjen, og alt er komen på plass. ENDELIG!!

Det blir litt spennande no framover å sjå om det vil fungere så godt som eg håpar for min del. Eg brukar å ta grundig vask av boligen ein gong pr. mnd. Då skrubbar eg veggar, skiftar greiner, hiv ut golvbelegget og spylar og vaskar det osv osv. Det tek nokre timar å gjer det skikkelig. 

Mykje av det treverket som eg har hatt der, har eg no teke vekk og veggane er glatte. Dei har fått inn fleire greiner enn dei har hatt før, så sitteplassane er egentlig blitt fleire. 

( bilder http://www.annes-undulatoppdrett.com/422827026)

Når døra og luka blei åpna for dei i dag, skjønte dei ikkje heilt at dei kunne få kome inn, men når den første forstod at det var åpent, kom dei fykande den eine etter den andre. Dei trives ute, men det virka likevel som dei synes det var veldig greit å få kome inn og dei for rundt å undersøkte alt. Nesten løye å stå å kikke på dei. Kul

I dag åpna det seg plutselig ei muligheit for at fuglane eg har bestillt, kan kome om nokre dagar. No håpar eg og kryssar alt eg har for det ikkje blir noko som skjer seg. 

Har grubla og tenkt på kor i all verden eg skal greie å få plass til alle, når det var planen at dei skulle overleverast i Haugesund på utstillinga. Det er to andre her i området som også ventar på fuglar og dei skulle eg også ta med. Med mine som eg skal ha med på utstilling, to store bur i baksetet + utstillingskasser og kanskje ein plass mellom 25-35 fuglar, puhhh, kan bli sveitt av mindre. Smiler stort