22. mai, 2016

22 mai

Boligdelen er ferdig. LikerDet har vore mykje pirkearbeid. Det er blitt lagt ny plater på alle veggane og øverste halvdel av i delingsveggen mellom hekkedel og boligdel, er det blitt sett inn plexiglas. Der har eg hatt netting før. Eg synes at det er så vanskelig å kunne gjer rein nettingen og med å sette inn pliexiglas, tek eg ned ein del av støvet som fyk, enten den eine eller andre vegen. 

Eg har prøvd å tette alle gliper ved listene mellom tak, vegg og golv og ellers gliper i krikar og krokar. 

Hekkedelen har fått nytt tak, og der er det klart for å legge plater på veggane. 

Det er meldt så flott ver framover og  tanken no er å prioritere å innreie boligdelen og åpne luka til fuglane igjen, så får hekkedelen bli ferdig etterkvart. 

Men utevoliere rett utanfor soveromsvinduet, med fuglar som startar dagen i grisotta.....Ha ha