18. mai, 2016

18 mai

Vasking er kjedelig! I allfall når ein vaskar i mange omgongar.

I dag blei vindu og dør åpna og alt hiven ut, slik det var kun bare tak, veggar og golv igjen. Til og med ei nettingdør mellom bolig og hekkedel blei skrudd ned og lempa ut. 

Så var det fram med støvsugaren og trykkluft i dei krikane eg ikkje nådde skikkelig til, for å få vekk rusk og støv. Vaskebøtta blei tappa i og alt vaska og så spraya med klorin, før det igjen blei vaska med reint vatn. 

Alt blei så spraya med Virkon S, før eg la inn ein stor røyketablett ( laga av urter), og røykla heile fuglehuset. 

Eg hadde ikkje trudd eg skulle greie å kome så langt i dag, men når alt er ribba vekk, går det raskare enn all den smådillinga med ting og tang. 

Med meir enn god hjelp, har det kome opp nye plater på to av veggane i boligdelen også. Kanskje alt kan bli ferdig i løpet av helga som kjem? 

Men då spørs det om det er blitt så reint og strigla, at eg ikkje vil sleppe inn igjen fuglane før til hausten. Ha ha