16. mai, 2016

16 mai

Det skar seg litt med frakt med fuglar som skal reise og fuglar eg skal ha. Egentlig passa det greit i og med det har vore såpass kaldt om natta her og eg vil bli ferdig med vasking og desinfisering før dei nye kjem. 

Eg har det for meg at det kan gå smidigare, spesielt for dei nye fuglane, når dei skal tilpasse seg bakteriefloraen her. 

Det er ikkje alt eg har vore like fornøgd med i hekke og boligdel. I og med eg har alt eg treng av nye plater å legge på veggane, er det like godt å ta alt på ein gong. 

No er i allefall hekkedelen tømt og alt som skal rivast der, er riven vekk. Kun det mest nødvendige står igjen i boligdelen, slik fuglane kan få bruke det eit par dagar til.

Når 17 mai er gjort unna, blir boligdelen stengt og fuglane får ver ute døgnet rundt nokre dagar. 

Då blir det riven resten av det som skal vekk i boligdelen. Før noko som helst blir bygd opp igjen, skal det støvsugast, vaskast, desinfiserast og røykast, slik minst mulig av støv og rusk blir liggande igjen i krikar og krokar, før det blir å platekle veggane igjen.

Eg skal også ver meir nøyen med å tette til små gliper, der støv og rusk kan samle seg. Det lønner seg nok på sikt. 

Det er mykje arbeid, men det blir veldig kjekt når det er ferdig og eg veit at det ikkje heng over meg meir. Dette året. Ha ha