27. apr, 2016

27 april

Etter ei hektisk periode og med fri og utan planar for dagen, har det blitt ein veldig kjekk dag. Dei eldste ungane i kassa har fyke ut og inn av kassa i fleire dagar og dei ser ut til å ver klar for å kome på stua. 

Det blei ut å hente ferske seljegreiner for å ha i buret til dei, og innrede buret med leiker, mykje hirse, fleire matkoppar med både eggefor og frø + fleire drikkekoppar. 

Midt i dette kom det uventa besøk av barnehagen. Dei lurte på om dei kunne få lov å sjå på fuglane. Klart dei kunne det! 

Det var virkelig kjekt og sjølv dei mest forsiktige, turte å kome inn i utevolieret. Heldigvis er fuglane rolige og gjer ikkje noko stort vesen av at der er folk inne og dei flaksar ikkje rundt i villelse, så ungane frå barnehagen kunne kome ganske tett på dei. 

Det passa også så bra at to av ungane i kassa er mellom 4 og 5 veker no, slik eg kunne ta dei ut, slik at dei ungane frå barnehagen som hadde lyst, kunne få holde dei, eller stryke dei forsiktig. 

Eg må sei eg synes dei var veldig flinke og forsiktige, og dei er meir enn velkomen tilbake!

Dei lurte på mange ting og var flinke til å spør.  

"Når fuglane egentlig kjem frå Australia, korleis kunne dei då kome heilt til meg og vite at dei kunne få bo her? "

Klok unge dette, for det er på mange måtar ikkje logisk at ein fugl som høyrer til i Australia, skal kunne bo her. Fuglar lever ute i det fri, så det er ikkje ei selvfølge at vi kan gå på ein butikk å berre kjøpe ein? Eg ser den. Liker

Det er ein del rot med undulatar. Det er fjører som fyk og ikkje minst frørusk og støv. 

Han var så skjønn den eine lille guten som synes det var så urettferdig at eg måtte rydde opp og vaske etter fuglane for dei kunne vel heller gå ut når dei skulle rote i staden for inne. Ein omtenksom gut dette og eg kan ikkje ver meir enig med han! Liker

Eg storkosa meg i allefall i lag med ungane og eg håpar dei også har hatt ein fin opplevelse i dag. 

Når eg var i gong med å ordne eit barnebur og sola varma, tok eg like godt å vaska boligen til fuglane. Eg hadde håpt å sleppe å ta det så mange gongar før det blir skikkelig nedvask, desinfisering og oppussing. Men, med nattefrost endå, har eg ikkje hjerte til at dei skal ver ute om natta. Dei kan godt tåle det berre dei har god tilgang på mat, men eg trur ikkje eg ville ha sove så veldig godt om natta. Rødmer

Dei eldste undulatungane kom omsider over i buret eg laga til, og etter 2-3 timar, sat dei å knaska på hirsa. Det er veldig positivt at dei kjem seg så fort i gong med å ete og dei ser ut å ta overflyttinga med fatning.