13. apr, 2016

Tekst

Går det an å bli lei av hekking? JA! No kjenner eg at det har vore ein lang sesong og det hadde vore veldig ok med ei pause.

Sjølv om det er foreldra sitt ansvar åt ta vare på ungane, betyr ikkje det at ein berre kan gløyme fuglane og vips så er ungane fiks ferdig sjølvstendige indvid.

Eg har tru på ekstra oppvarting med tanke på vitaminar, enten som hvetekimolje, tran, kraftkost osv osv. Det er den sida. Så må eg sjå til at der ikkje blir noko tull under vegs. 

Som regel går det bra. Men for få dagar sidan slutta RE og Jubel å gi ungane sine mat, Kvifor?? Eg har ingen anelse i det heile. Å kikke i kassa både i tide og utide, det gjer eg ikkje. Ein rask kikk pr dag er nok. Men, ikkje denne gongen. Ungane dei hadde, fekk ikkje mat. 1 var død og dei 2 andre var det så vidt liv i. Dei 2 det var så vidt litt liv i, fekk oppmatingsfor. Nokre få dråpar om gongen. Tredje kvar time, døgnet rundt. 

Den eine såg eg etter eit døgn at det ikkje var liv laga. Den andre er no hos fosterforeldre. Den får mat, men der er noko som skurrar likevel. Eg får berre sjå det an.

Opp i det heile, så "ramlar " det egg i boligdelen. Eg får ta ei runde med meg sjølv å tenke litt kva eg skal gjer vidare.