31. mar, 2016

Tekst

Når ein kun har eit kull med ungar, om enn fordelt i to hekkebur, merkar ein kor fort stellet av fuglane tek. 

I dag har det vore nistudering av dei eldste ungane i kullet til Rocky Evert og Jubel. Eg ønskar så veldig på der skal bli toppa ungar! 

Om eg har oppfatta det rett, så er vel ikkje arv på toppa fuglar heilt klarlagt. Ein del har dei finne ut, men kanskje ikkje alt. Og forstår eg det rett vidare, så er det ikkje alltid like lett å få fram toppa ungar. Kanskje er det derfor det er så vanskelig å få tak i her i landet?

Eg skulle blitt så glad om der i allefall kunne bli ein med topp, slik eg har det vidare. 

Ellers har eg begynt å sortere ut ungane litt mutasjonsmessig. I allefall dei 4 eldste. Hmmm, er det dette som kallast nerd  i ei eller anna slags retning?Ha ha