25. mar, 2016

25 mars

Det har vore litt surt og kaldt nokre dagar med regn, men i dag dukka heldigvis sola opp igjen. Då blei det fram med kameraet igjen og ut i volieret. Tico som kom hit for ikkje så lenge sidan, liker ikkje kamera. Når eg prøver å kome nært han for å ta bilder, fyk han som ei pil til andre enden av volieret. Og slik held vi på. Eg tuslar etter, han sit stille til eg kjem bort til han. Så tek eg opp kameraet og svish, er han i den andre enden igjen. Jaja, og sånn gå no dagane. Smiler stort

Eg har hatt fuglar før som har vore like kamerasky, men det har gått seg til og etterkvart står eg berre ein liten halvmeter unna dei å tek bilder uten dei gidd å bry seg det minste. 

Det er litt irriterandes at denne sida har begrensingar med bilder på 300 stk, så dei fleste bilda havnar på facebook-sida mi, som også kallast annes-undulatoppdrett. 

No er det kun få dagar til dei siste egga i hekkeboligen skal klekkast. Når dei ungane er blitt sjølvstendig, er hekkeboligen tom. Det er heller ikkje så mange ringane eg har igjen for merking av ungane, så det passar veldig bra. I juli er det hovedbestilling av ringar hos NUK for neste sesong. Då er det å prøve å planlegge godt omtrent kor mange ringar eg treng i løpet av sesongen, uten alt for stor feilmargin, -begge vegar. Kul