20. mar, 2016

20 mars

Prosjekt "tran" går no veldig greit. Den første dagen var fuglane noko betenkt på frøa dei fekk servert, men eit stykke ut på dagen den første dagen dei fekk det, var dei nok så svolten at dei ikkje kunne la ver å ete. Etter det har det ikkje vore noko problem. 

Eg veit ikkje å sei sikkert om eg merkar nokon forskjell på flokken endå. Men, eg kjem i allefall å fortsette å gi dei ei veke til før eg trappar gradvis ned. 

Dei få para som fortsatt er på hekkerommet, kjem til å få det til dei kjem ut av hekk. 

Det blir litt skifting av plater på veggane i boligdelen og platene er allereie komen i hus. Det er ikkje vits i å starte på skiftinga av platene etc, før hekkerommet er tomt. Eg vil desifisere både boligdelen og hekkedelen. Då må alle fuglane ut og veret må ver brukbart og stabilt nokre få dagar, slik dei kan ver ute heile døgnet.