15. mar, 2016

15 mars

Det er vår!! Det er den mest fantastiske årstida vi har og dagane fyk avgårde! Det blir ikkje så mykje tid til fuglane, men, dei lir ingen nød i det heile. 

På laurdag blei det vaska grundig både ute og inne, og med fullt greinskift både ute og inne. Fuglane er stort sett ute heile dagane, og dei trekker mot sola. Det ser nesten ut som dei sitt å solar seg. Få eller ingen trekker i skyggen. Kanskje føler dei behov for ekte sollys, akkurat slik som vi folk gjer? Sollyset er også ei fantastisk kilde til D-vitamin, som er så viktig at vi får i oss. Mangel på D-vitamin kan ha ganske store konsekvensar for både fugl og folk og om våren er det manko hos dei fleste.

For nokre få dagar sidan kom dette på snakk og tilfeldigvis kom eg også over eit par sider på nettet, der det faktisk blir anbefalt å gi fuglane tran.

Eg må sei eg var rimelig skeptisk når eg høyrde og las om det. Men, den eine artikkelen var skriven i samarbeid med ein dyrlege, som har ei spesiell interesse for fugl. Eit anna alternativ for tran, er hvetekimolje. 

Framleis skeptisk, men samtidig som eg forstår behovet, har eg no starta å gi fuglane tran. Eg tek ei 2-liters isboks og fyller den nesten full av frø. Så tek eg omtrent 1 ss med tran og har i, og så rister eg boksa VELDIG godt, slik det får blande seg. 

 

Dette gir eg dei. I og med det går an å overdosere med D-vitamin der det blir gitt som tilskot, kjem eg til å gi det i ei periode på to veker. Etter det, kjem eg ikkje til å gi det meir enn 1-2 gongar i veka den første delen av våren. Etter det får sola sørge for resten. Kul

Når ein er litt aktiv på nett i ulike fuglemiljø, så blir ein kjend med folk og vi pratast både via melding og på telefon. Det er så kjekt! Det er ikkje berre om fugl, for i dag fekk eg eit råd om gulrot! Akkurat, gulrot. Ein kjøkkenhage er kjekt å ha, og då er det også kjekt å få tips og råd frå ein agronom. Så denne veka skal gulrotfrøa i jorda og eg skal følge råda for tidlig spiring, som eg fekk. Liker

Eg har også bestilt meg nokre fuglar til. Er eg heldig, har det ordna seg med frakt i slutten av april. Eg mista ei veldig flott lw-jente i leggenød i haust. Eg har splitt lw-hannar, så eg kan få fram lw igjen. Men, eg har likevel veld å bestille meg nokre. Og når eg likevel bala med det, så har eg også bestilt eit par stk som er australskbroka og danskbroka. Fordi eg synes dei er fine, rett og slett. 

Det blir rimelig stor slitasje i boligen i løpet av eit år. Fuglane gnagar verre enn dei skulle ver ein beverflokk!Blinker

Forhåpentligvis kan eg rekke å få skifta ut litt lister før dei kjem og eg kunne ha tenkt meg å skifta ut nokon veggplater og eg vil gjerne få måla opp igjen. Ikkje for fuglane sin del, men for min del, slik det lettar reinhaldet. 

Og rekk eg det, håpar eg å få teke ein meir enn grundig nedvask av både boligdel og hekkedel. Eg likar også å få desinfisere ein gong i året. Kanskje meir vane enn nødvendigheit?? Det er godt vi går mot endå lengre og lysare dagar. Kul Treng eg sei at eg gler meg til dei nye kjem??Smiler stort