10. mar, 2016

10 mars

I dag kom det flyttande ein "gammal" ny fugl. Tico er fødd her for eit par år sidan og når han var ein plass mellom 6 og 7 veker, så flytta han til eit familiemedlem av meg, der det også bor ein anna fugl, herifrå. Den andre fuglen kjem frå kull nr 2 i den tida eg har hatt oppdrett, så det er begynt å bli nokre år sidan. 

Den andre fuglen er no gammal og ikkje i form,og det er uvisst kor lenge han lever. Tico er ung og sprek, og er begynt å bli ganske så innpåsliten på samboaren sin. 

Tico er tam og van til å bo inne i stuetemperatur,vil eg ikkje sleppe han rett ut i boligen/volieret. I helga flyttar eg han over i eit stort bur i hekkedelen, der han skal få stå i lag med ein anna fugl for å venne seg til ein litt lavare temperatur enn det er i stua. Etter nokre dagar der, blir det å sleppe han i lag med resten som bor i boligen. 

Tico er, slik eg opplever det, gulmaske opalin kobolt eller violkobolt FBC greywing