1. mar, 2016

1 mars

Kalenderen sei at det er vår. Juhuu og endelig! Nåh, kalenderen og slik det egentlig er ute, står ikkje heilt i forhold til kvarandre. I allefall ikkje slik eg tenker og vil at det er når det er vår. Ha ha

Likevel og uansett kva eg tenker og meinar, så er det tydelig på fuglane at vi er nært ei anna årstid. Det er så mange fleire som vil ver ute om dagane og dei er også meir "våryr"?

Etter å ha sitte å lest og snekra saman noko om kosthold til undulatar, har eg finne mange fine artiklar på utanlandske sider og det har gitt ein del tenking og også aha-opplevelsar. Noko har eg visst litt om, men eg har ikkje gått djupare inn i det. 

Etter eg leste om dette at fuglane har veldig stor nytte av bl.a. bark og nyskudd på unge tre, så blei det henta inn ein del kvistar frå selje og sett i ei bøtte på badet. Der skal det få stå, til eg ser at knoppane er i ferd med å åpne seg. Då skal fuglane få kvistbunten, og og med den største næringa er akkurat i det knoppane er i ferd med å kome ut.

Eg har også sitte å lest om kor viktig det er med vitamin D3 og kalcium gjennom heile året, men ikkje minst i forbindelse med hekking. Dei kildene som eg har lært er viktige, viser seg å ikkje ver så gode likevel, men det stod også forklart kva ein må gjer/gi dei, slik dei får eit godt opptak, som igjen gir gevinst på ungar og ikkje minst hoene som er i hekk. 

Eg har sett på nokre undulatsider i det siste, der det blir fødd ungar som vi kalla "svømmerar". Og eg har også mista eit par hoer i haust på grunn av leggenød. Eg visste ikkje at leggenød kan knyttast til mangel på kalcium og vitamin D3. 

Det har vore virkelig interessant lesing og eg kjenner at eg skal gjer nokre justeringar framover. 

Eg gir mine friske greiner i boligen og dei blir skifta ein gong i månaden, eller annakvar månad vinterstida. Men, eg har brukt store og tjukke greiner, og teke vekk mange av dei små og unge kvistane, som ernæringsmessig er dei som er viktigast...... Dette er berre ein liten ting. Men, det er så flott når ein finn slike ting som følge av noko anna ein leitar etter, og ikkje minst, det er enkelt å kunne gjer noko med det og kunne forstå kva som kan ver grunnen til at noko av og til går gale.