27. feb, 2016

Tekst

Sjølv kor mange gongar det har vore par i hekk her, med ungar, let eg meg stadig forundre over kor fort ungane veks. 

Ein ser det veldig godt når ein tek bilder, og let det ver ca 1 veke mellom kva gong ein knipsar bilde av ungane.

Hos Cara og Madrid er det berre ein unge. No er den komen seg til nesten 4,5 veke. Og den er så skjønn! Og så delikat i fargen. 

Eg synes det er så vanskelig å vurdere "eigne" ungar, for eg er så subjektiv. Men, slik eg ser det, så kan det hende at denne ungen slettes ikkje er så verst? Den har i allefall eit preg som tiltalar meg. 

Om det går fint framover med den og den ikkje er i full myting i juni, kanskje den ( eg veit ikkje kjønn på den endå) er ein eg kan ta med til Haugesund?