25. feb, 2016

Kosthold, forebygging

I kveld har eg sitte å småpusla litt med heimesida mi. Det er ikkje så lett å vite kva eg skal ta med og ikkje. 

Samtidig får eg så mange koselige meldingar og mailar frå folk som ber om råd om mangt og mykje. Så kanskje eg etterkvart kan skrive litt om dei tinga eg får mest spørsmål om?

Eg har ikkje alle svara, men litt erfaring har eg samla meg opp. Eg er også medlem på fleire fuglesider, der det blir utveksla informasjon. 

I dag har eg laga litt om kosthold og kva vi kan gi fuglane som forebyggande mot bl.a utøy og sopp. Så har eg teke med litt om kva vi også kan gi fuglane når dei er i hekk, eller at dei treng litt ekstra tilskot av ein eller anna grunn. 

Dette finn du under tråden "Kosthold".