19. feb, 2016

Tekst

Det er ganske stille no på hekkerommet. Kun ei kasse det er ungar i og ei kasse det er egg i. Då er det også langt mindre arbeid på jamna og eg kan bruke "fugletida" på andre ting.

I og med det er utstilling i Haugesund i juni i regi av NUK, er det snart på tide å starte treninga av dei ungfuglane eg lurer på å ta med. 

I første omgong tek eg berre ei gammal utrangert utstillingskasse og puttar hirse i den og sett den inne i boligdelen. Då kan fuglane bli kjend med den, og gå inn og ut av kassa når dei sjølv vil. 

Etterkvart blir det å ta fram fleire kasser og sette to og to inne i dei. Der får dei hirsekolber eller andre ting dei synes er snacks og får stå der ein liten time om gongen nokre gongar i veka. Tida dei er inne i den, vil forsiktig bli auka og eg vil etterkvart også prøve å venne dei til å bli trygge til å sitte på ein pinne. Akkurat på samme måte som vi prøver å få dei til å sitte på fingeren under temming. 

Etterkvart blir det også å sortere fuglane eg har og sjå om eg treng alle eg har, eller om eg kan la nokon av dei flytte til andre. Som regel beheld eg fleire ungar i løpet av sesongen som eg kanskje ikkje treng.

Det er alltid vanskelig å vite i starten av hekkesesongen om det blir eit bra eller dårlig år. I år har det vore ein fin hekkesesong, og eg ser at eg ikkje treng samtlige av dei.

Det trengs også nye einer i utevolieret. Einer er veldig populært å gnage på eller rive av nålene. Dei er ikkje like glad i gran eller furu. Då er det berre å ta seg ein skogstur med ei god hekkesaks, slik dei får nye og ferske einer. Kul