9. feb, 2016

9 februar

Paret som eg trudde hadde 8 tomme egg, er tomme. Desverre. Ein kan kjenne på skuffelse, men det er berre å legge vekk. Sjølv om eg ser at Lerke og Toppen har sympati for kvarandre, så er det ikkje dermed sagt at det blir noko i egga.

No skal eg ut å reise og blir vekke i litt over ei veke. Eg vel å la henne få ligge på dei siste egga til eg kjem heim. Kanskje har ho kasta ut dei tomme egga sjølv i mellomtida? Det kan skje. 

Lerke er i veldig god form og er ei av dei som er ute, uansett ver og føre. Eg må prøve å ta stilling til om ho skal få eit nytt forsøk etter eg kjem heim, eller om at eg berre skal vente til hausten igjen. Det eg tenker på, er at ho la så mange egg som 8. Skulle ho få eit nytt forsøk no, kor mange egg vil ho legge og kor mykje vil det tappe henne?

Er det alltid lett med oppdrett? Nei!