6. feb, 2016

6 februar

Det er så godt når vi kan merke at vi går mot lysare tider. No er det skyming ved 17.30 tida, men ikkje mørkt. 

Det er snø ein dag, så regn, så snø, men slik er seinvinteren. 

Eg trur at fuglane også merkar at dagane er lengre og lysare. Fleire og fleire trekker i allefall ut om dagen. 

I løpet av ca ei veke får eg ta vekk hekkebura til Rav og Livia + Ikaros og Bella og få vaska og desinfisert bur og kasser. 

Då er det tre hekkebur igjen. Om det blir dei siste no framover, eller det kan kome til eit par stykker, får eg berre sjå.

I det eine buret er det eit toppa par som har lagt 8 egg. Men, det ser ut som dei kan ver tomme. ISJ! Eg må tenke litt kva eg skal gjer der. Ho skal i allefall få ligge ei stund på egga, sjølv om det vil vise seg at samtlige ER tomme. 

To par blei sett i bur for få dagar sidan. Begge para er utstillingsfuglar, der eg no prøver å gå etter "varme føtter og kropp" metode. Kul