31. jan, 2016

31 januar

Heldigvis tålte boligen orkanen Tor som var her på fredag. Eg var slettes ikkje sikker på at det ville gå bra,  og om eg ville finne fuglehus og fuglar etterpå og såg for meg det verste.

Fuglehuset blei bardunert ekstra og så godt som mulig, men ein kan aldri vite korleis det treff og kor det går. 

Hekkinga har vart sidan august og det blir mindre og mindre fuglar i hekk. 

For min del kjenner eg det er greit. Det er mykje arbeid med hekking. Fuglane må heile tida ha ekstra tilsyn, det går med mykje meir mat, drikke osv. Bur må vaskast og desinfiserast, og det må kassene også. ungane må følgast opp etter dei har flytta frå hekkeburet. Eg ventar fortsatt på at 2-3 utstillingspar skal kome i hekkemodus før eg avsluttar denne hekkesesongen og gir både fuglane og meg ferie. 

Det er heller ikkje uvanlig at hekkinga er dårligare utover seinvinteren enn den er seinsommar og tidlig haust. 

Sjølv om hekkinga går mot slutten, er det likevel nok å gjer. Mange pussar opp båten sin og klargjer den for sesongen. Her vaskar eg ned og desinfiserar boligen og så pussar eg den opp. Smiler stort Nødvendig er det vel kanskje ikkje, men det er berre blitt slik og eg synes egentlig det er greit å få gjer det.