22. jan, 2016

Tekst

Det å ver medlem i ei gruppe, enten det er forum eller ei side på facebook, i lag med "likesinna", er både kjekt og lærerikt. 

Eg er medlem på "Norsk Undulatklubb sine venner" på facebook. Der er det mange som sitt med mange mange års erfaring når det gjeld fugl og det er det er innmari mykje tips og råd å hente.

For få dagar sidan kom det inn på hekking og korleis vi kan sjå hekkemodus på ein fugl. Egentlig har eg synes det har vore rimelig greit. Men, sant skal seiast, det tok si tid før eg greidde å lese fuglane nokonlunde, då spesielt hos utstillingsundulatane. Eg hadde lært at når vokshuda er brun, ja, då er hoene i hekkemodus. Skulle eg ha gått kun etter det, då kunne eg ha fått venta både lenge og vel....

Eg ser på fuglen i heilheit. Korleis oppfører dei seg? Er dei veldig ivrig på å gnage greiner? Og ikkje minst, treverket innvendig i boligen, som dører, lister, vindulister osv. ....

Viser hannane dei interesse? Let dei seg oppvarte? Eller sitt dei mykje stille og litt aleine? 

Dette har for meg fungert ganske godt. Men, så er det ein og anna gongen eg har vore usikker, men tenkt, ok eg prøver å ser kva som skjer. Og som regel har det ikkje skjedd noko. 

Tilbake til tipset på NUK sine venner si side. Der kom det eit nytt tips, som er prøvd ut, fungerar godt og blir brukt. Liker

Kjenn på temperaturen på føttene til fuglen og kroppstemperaturen. Det gjer du med å ta føttene til fuglen og legg dei inn til leppene dine. Er føttene kalde, då kan det nok hende det er lurt å vente litt. Er føttene varme og fuglen også virkar varm, ok, prøv. Sjangsen for at fuglen er i rett hekkmodus er omtrent 90%.

Den som måtte ut i fuglehuset, det var eg. På med skinnhanskar ( eg liker ikkje om dei bit megHa ha) Den eine hoa etter den andre blei hanka inn. Jammen var det forskjell ja! Nokon eg veit med sikkerheit som er i hekkemodus, var varm! To andre hoer som eg har venta på og vore litt i tvil om, var kald. Så dei får eg berre fortsette å vente på. 

Ei anna, som eg ikkje hadde lagt merke til, var varm. Spørs om eg ikkje må berre lage til eit hekkebur i helga. 

Kunne ikkje anna enn å le heller, der eg omtrent satt å "smakte" på føttene til dei. Eg måtte ha vore eit underlig skue, dersom nokon hadde sett meg. Smiler stort

Slike tips er egentlig gull verdt og det er innmari kjekt å få enkle, men gode råd!