21. jan, 2016

Det snør det snør....

For oss som bor her ute påkysten, er det ikkje vanlig med mykje snø. Men, dei siste dagane har det lava ned! 

Taket på utevolieret, der det er netting over, har virkelig bula nedover, og eg har vore redd for at nettingen skulle gi etter. Eg har ikkje turd anna enn å kakka snøen vekk kvar dag. Første gongen tok eg det nærmaste eg fann, ein langkost. Og det var da forferdelig lurt. Når det gjeld å kakke av snøen frå tak, er det ikkje ein langkost lang akkurat.....

Heile eg var kvit av snø og det ramla nokre gloser i lag med dei kalde fingrane og det våte håret og kleda. Jaja, slik blir det når ein ikkje tenker over at det kanskje er lurt å ta ei hagerive i staden for, eller i allefall noko som faktisk er langt, slik ein ikkje står å kakkar ned det som er like ovanfor hovudet på seg og trur at det skal gå så fint så??Smiler stortBlinker

No er det meldt mildver med 6 grader til laurdag og regn. Snøen på taket over hekkedel, boligdel og første del av volieret, blei teken vekk i dag. Regnar det nedpå det som låg der, kunne det ha blitt rimelig tungt.