16. jan, 2016

15 jan

Eg har vore litt spent på kor det skulle gå med Leone og Tareq, etter dei blei "kasta" i bur for nokre dagar sidan. Dagen etter dei svisja over i hekkebur, hadde ho rydda kassa rimelig tom for flis, og eg har nesten ikkje sett snurten av henne eller Tareq. Jaja, dei har det travelt dei. Kul

I dag låg der eit nytt egg, lagt i kassa. Eg har ingen forventingar til at der er noko i egga. Dette har gått fort. Veldig fort! Skulle det ver slik at der er noko i egga, har eg ikkje nokon garanti for at det er Tareq som er far til ungane. Det vil eg ikkje ha ei formeining om før evt ungar veks til. Då må eg kikke på farge og mutasjon + størrelse, og legge det til mht. det eg kan om mutasjon og arv. Då kan eg kanskje få ei formeining om kva eg skal tenke og tru.