11. jan, 2016

11 januar.

Det ser ut som den verste mytinga er i ferd med å gi seg. Det merkast også på fuglane. Dei virkar kvikkare og nokre få hannar har starta med oppvartinga si til alt og alle. Ikkje "tygg" eg fjør kvar gong eg er inne hos dei heller. Smiler stort

Eg har sett at Leone, ei veldig veldig fin jente, har lagt mykje bak i ei krå. Eg har ikkje kunne sett noko som har vore gale med henne. 

På laurdag blei det støvsuga inne hos dei, og det ligg ikkje all verden med frørusk på golvet. 

I kveld fekk eg svaret på kvifor ho har okkupert den kråa. Ho låg så fint å ruga på eit egg ho har lagt i løpet av dagen. Før helga var der nok mjukt og godt av frørusk og ein passe plass å legge egg.......

Leone og Tareq var i hekk i aug/sept 15 og dei fekk 1 unge. Eg har sett at han har sitte ein del i lag med henne i kråa. 

I kveld blei det laga til eit hekkebur til dei. Eg har mine tvilar om ho kjem til å gå inn i rugekassa, men eg la mykje spon i burbotnen i tilfelle ho heller søker dit. Slik eg har forstått det, så er det ikkje alltid vellykka dette å flytte dei over i bur, dersom dei har finne sin rugeplass, om enn den er dårlig. Skulle det bli egg og evt ho rugar på dei og det blir ungar, veit eg ikkje om Tareq er faren, sjølv om eg har ei lita formeining om det. Jaja, det blir som det blir. Dei får i allefall fred frå andre no og ho slepp mange innpåslitne beilera.  Kul