2. jan, 2016

Tekst

Med mykje fuglar så blir det mykje støv, frørusk osv osv. Sjølv om det blir støvsuga ein gong i veka, må vaskebøtta fram ein gong i månaden for grundig reingjering. 

Som vaskemiddel brukar eg eucalyptus-såpe. Den er lett desinfiserande og så luktar den godt. Veggane blei skrubba og golvbelegget blei teken ut å skrubba og vaska. Greinene blei også kasta ut og skifta til nye, stigane dei har, fekk seg også ein skrubb. 

Mange vel å bruke spon på golvet. Eg har ikkje prøvd alspona som mange foretrekke. Eg er fornøgd med skjelsand, sjølv om det er omdiskutert om dei skal ha det eller ikkje. Skjelsanden som er strødd utover golvet, er henta i fjøra og skylla med sjøvatn og berre lufttørka. Hittil har eg ingen negative erfaringar med å bruke den. 

Hekkedelen blei også rydda og vaska, og eg sneik med til å gjer lett reint i burbotnane. Det tek nokre timar å gjer det skikkelig, men jammen er det godt når det er gjort. Smiler