1. jan, 2016

Godt nytt år.

For første gong har eg mista ei hoe i hekk. I dag tidlig fann eg ei flott hoe med 6 egg, død i burbotnen. Det var ingenting i går som tilsa at det skulle skje, så kva som er årsaken veit eg ikkje. I og med eg har så få par i hekk, er ikkje egga å berge.  Det første egget skulle klekke om 3 dagar. 

Men, det har også blitt fødd ein unge hos Ikaros og Bella i natt eller tidlig i dag tidlig. Og det er i allefall kjekt. 

Den eldste ungen til Lux og Tuva hadde teke seg ein tur ut av kassa for første gong i dag. det er litt tidlig, så det var berre å putte han tilbake i kassa. Smiler