29. des, 2015

29 des

Det har vore ein flott dag med temperaturar der det går an å ver litt utfor døra.

Med mykje fugl, blir det mykje frørusk og støv, og ikkje minst fjør no når dei er i stormyting, så støvsugaren blei dregen fram og hekkerommet blei støvsuga. Boligdelen får vente til i morgo. 

Eit par hekkebur er blitt vaska og desinfisert. Alle pinnane i buret er blitt kasta og eg har vore ute å henta nye pinnar/greiner og bura har blitt innreia igjen. 

Rugekasser har også blitt vaska, desinfisert og steikt i steikeovnen. Ovnen står då på 100 grader og eg steiker kassene i 1-1,5 timar. 

Eg har også fått eit tips om ei blanding ein kan gi fuglane, spesielt dei som er i hekk. 

I og med dei fleste av mine myter veldig no, er det berre positivt om dei får i seg ekstra næring. 

2-3 rå gulrøter, ca 1 kopp lettkokt havregryn blandast godt og la det stå i kjøleskapet minst 4 timar, slik at havregryna får trekke til seg fukta og svelle ut skikkelig.

Eg hadde også i ein boks med mais og eg blanda også i eggefor og køyrde alt i kjøkkenmaskina. Eg synes ikkje det såg særlig delikat ut......Men, eg putta det i dei få hekkebura eg har no + boligdelen, og det tok ikkje mange sekunda før ein av dei heiv seg over "gugga" og åt av hjertens lyst. Etter ei lita stund, var det fleire som smakte på det dei hadde fått i sin matkopp. 

I og med der er både mais og eggefor i, så bør eg nok ta ut evt. restar seint i kveld eller i morgo tidlig. Mais har ein tendens til å bli ganske fort surt, og det er ikkje bra. 

No er der ikkje meir enn 10-12 grader i hekkerommet og litt kaldare i boligdelen, så litt tåler det å stå.