27. des, 2015

26 des

Det går ikkje alltid på skinner mht. hekking. Av og til er det vanskelig å vite NÅR ein skal gripe inn og ikkje. 

Livia og Rav har 3 egg og deira første unge, nokonsinne, blei fødd ein gong i natt eller tidlig i dag tidlig. 

Utover dagen, hadde den ikkje fått mat av foreldra og den peip veldig. Etter å ha venta til eit godt stykke ut på ettermiddagen, gav eg den litt oppmatingsfor, med te-skei. I håp om at den hadde fått endå meir krefter til å "vekke" foreldra. Eg venta så i eit par tre timar for å sjå om foreldra skulle gi den mat, men nei. Det gjorde dei ikkje. 

Eg har ikkje back-up par no, med erfarne foreldre, sjølv om eg har eit par kasser med ungar. Men, der er ungane blitt så store, så då er det ikkje gitt at dei vil godta ein liten nyfødd ein. Likevel tok eg sjangsen på prøve, uten hell. 

Eg har eit par med egg, som eg ventar klekking av deira første egg om eit par dagar. No i kveld kom eg til at det er siste løysinga eg har, å legge den over til dei. Ungen vil ikkje leve over natta utan mat. 

Vakre Bella og Ikaros, blei reddande englar denne gongen og eg kan legge meg i natt med forvissing om at ungen har det bra og blir teken vare på. Liker