6. des, 2015

6 desember 15

Det har vore skikkelig dårlig ver i helga, og luka har vore stengt.

I dag satt dei ved luka og gnaga på den. Det var tydelig at dei vil ut! Men, slik som det bles ute, så fristar det ikkje å plukke fuglar som ligg klint oppetter nettingen. Smiler stort

Det er stormyting på gong i boligen og dei fleste har punkersveis og det ligg både små og store fjører over alt!

Kanskje skulle eg berre ha sett dørene på gjennomtrekk ei lita stund, så hadde eg sleppe støvsuging på nokre dagar? Ha ha

Lille Asterix ( på bildet) er i si første felling. Det ser ut som om han har blitt dusja i gulmåling, men det er berre at han er i ferd med å skifte fjørene sine og etterkvart blir han heilt lys gul.