Vår

7. apr, 2018

Etter å ha tenkt, bestemte eg meg for å få tak i eit par av den mutasjonen eg ønsker meg. 

Eg har eit par som er splitt for denne mutasjonen, så er eg heldig, kan det klaffe at det kjem fram nokon frå dei. 

Etter ein del grubling og undersøkelsar på kven i all verden som kan ha denne mutasjonen, tok eg kontakt i går kveld med nokon. Det paret eg har, stammar frå den oppdrettaren for eit par tre generasjonar sidan. Han hadde ingen no, men tok igjen kontakt med nokon han har seld til. Den personen igjen har, og eg får kjøpe! Eg blei så glad!!

Eg har også bestilt nokre få fuglar til, som eg ser eg treng. Der også, ja, klart vi skal hjelpe!

Denne hjelpsomheita som finnes i miljøet, med gode råd, deling av kunnskap, praktisk hjelp og det å få kjøpt fuglar ein er ute etter, den er ganske så unik. 

Det blir nok med meg heim ein del fleire fuglar frå Vindfjelltunet, enn eg kjem til å ha med meg nedover. Liker

7. apr, 2018
www.123hjemmeside.no

Klikk på lenka og du kjem til sida der informasjon om Ungfuglskuet er lagt ut.

6. apr, 2018

Det at vinteren ikkje har sleppe taket og at vi fortsatt har snø her langt ute i havgapet er ikkje vanleg. Fuglane bryr seg lite og det er mange som tek turen ut om dagen. No let eg berre luka frå boligdelen og ut i volieret stå åpen døgnet rundt og om morgonen er det mange som allereie har kome ut. Nårr klokka er 19-20 på kvelden, har alle flyge inn igjen.

Det er gradvis nedtrapping på hekkinga, men fordi det har vore så kaldt og snø har eg ikkje fått gjort skikkelig reint dei tomme hekkebura. Men, i dag kom eg til at no må eg berre få vaska og desinfisert dei, slik eg får sette dei vekk. 

Av dei para som er på hekkerommet, er dei fleste starta på runde nr 2. 3 par er på første runde. Eg tenker at når dei egga som klekker og ungane er komen ut av kassene, då avsluttar eg og tek ferie og eg bryr meg ikkje med at dei 3 para skal få runde nr 2. Dei kan heller få fri og kome seg ut å flyge, få sollys og regn. Så får eg ta med meg kaffikoppen og fotoapparatet og tilbringe tid i volieret. Det er rekreasjon og eg kjem innpå fuglane på ein heilt anna måte enn eg gjer vinterstid.

Seinast i dag fekk eg ei melding frå ein anna oppdrettar som også driv med utstilling, som gleda seg på mine vegne over at eg har fått fram god fugl den seinare tid. Det er ikkje så mange dagane sidan eg fekk tilsvarande meldingar frå eit par andre oppdretterar, som også driv med utstilling. Dette gjer meg svært glad og eg set så stor pris på slike meldingar og få den back-upen som eg får! 

Eg synes forstsatt det er veldig vanskelig å sette saman par. Ikkje mht det genetiske. Det er ingen problem, men med tanke på kvalitet. Det blir mest på følelsen og kor eg synes dei "kler" kvarandre. 

To av dei para som er i hekk no, er par eg er veldig spent på. Dei har ikkje hatt ungar i lag før. Begge para har eg sett saman. Det eine paret aksepterte kvarandre omgåande, men hoa i det andre paret ville ikkje ha den hannen eg først tenkte. Då måtte eg i tenkeboksa. Eg opplever hoa som god og mykje bra bakover i sine anar.  Hannen ho til slutt godtok får eg håpe på at linjene slår igjennom. Dei er veldig gode. 

Det andre paret som godtok kvarandre omgåande, håper eg at eg har svaret om nokre veker, om valget mitt var rett eller feil. 

Mange forstår nok ikkje kva og kvifor eg gidd dette og er det så nøye? Er genetikk nøye? Er kvalitet nøye? Det kan eg på eit slags vis forstå. 

Det å ha mål, noko å strekke seg etter, ha utfordring, stadig lære, det er for meg givande i kombinasjon med at eg kjenner det er kjekt og ikkje minst, det at eg ser at fuglane har det bra. 

No syslar eg med litt tankar om ein mutasjon eg likar så godt, men eg har ingen av dei pr i dag, men kunne ha tenkt meg å hatt. Eg veit ikkje kven som kan ha den, men ei forsiktig "jakt" har starta. Så får eg håpe eg kan få tak i eit par stykker i løpet av våren.  

 

 

1. apr, 2018

I går blei det henta fram 3 utstillingskasser. Eg har vel hatt nokre tankar om kven som eg kan ta med på Ungfuglskuet på Vindfjell-tunet ved Skien siste helga i mai, men eg hadde lyst å sjå om eg tenker sameleis når dei kom i utstillingsbura. 

Den eine hoa gjekk ut. 2 hoer er eg heilt sikker på, så sant dei ikkje går inn i storfelling no når det er meldt mildare ver. Ein hanne trur eg har potensiale, men han er fortsatt litt ung. Men, mykje kan forandre seg på 2 månadar, så eg velge å ta han med på tilvenning/trening i utstillingskasse.

Eg har ei tredje hoe som også er til vurdering og velge å trene med henne og satsar på at 2 månadar gir drahjelp. 

 

Det er ikkje så mange bura på hekkerommet no. Det er veldig greit. Det er såpass mykje arbeid med hekking og det skjer så mykje framover. Då er det greit at det ikkje krev all verden til tid og jobb meht hekkinga. 

Eg synes der er nokon spennande ungar på gong. Desse er heilt uaktuell for utstilling i år, men neste år ser eg ikkje vekk frå at nokon blir med. Som han som er på bildet. 

Han er fortsatt i hekkeburet, men er komen ut av kassa. 

Det er Landsutstilling i Stavanger i oktober i år, men med 6 ferjer ein veg og ca 16 timar reise for å kome fram, tenker eg pr i dag at det ikkje er aktuelt å ta turen. Det blir både for langt og dyrt. 

 

 

21. mar, 2018

To av ungane som har vore på allbruksrommet, fekk sleppe over til det store volieret i går. 

I går snøa det og i dag har det høljeregna. Eine jenta som flytta over, fann vegen ut av luka i går. Eg synes ofte at seinhaustes, vinter og tidlig vår, er ei litt vanskelig periode å flytte ungar over i det store volieret. Dei finn gjerne vegen ut, men det er slettes ikkje alle som finn vegen inn igjen. Om eg ikkje passar på, er dei ute i mange timar i kulda.

I ettermiddag måtte eg hente inn ei ung jente som sikkert ikkje kom på at ho kunne kome seg under tak i høljeregnet. Ho satt ute og var kliss gjennomvåt. Henne måtte eg hente inn i varmen igjen. 

Om eit par tre dagar har eg planar om å flytte over eit par ungar til frå allbruksrommet til det store volieret. Om vi får mykje regn framover, må eg stenge porten som deler ute volieret i 2, slik dei held seg under tak og ikkje flyg ut i den åpne delen. Eg har ikkje anledning til å passe på dei heile tida. 

Nokre ungar på hekkerommet er snart klar for å flytte ut av hekkebura og til allbruksrommet. Dette er utstillingsundulatar der eg skal behalde dei aller fleste av dei inntil vidare. 

I den eine kassa er det ei jente som eg likar så innmari godt! Ho er no 1 mnd gammal. (bilde) 

Det å ha kontakt med andre oppdretterar er noko eg verdsett høgt. I dag måtte eg berre sende bilde av jenta til  oppdrettaren av far til jenta. Det er så artig å få tilbakemelding om at han kjenner igjen preget til sine fuglar og ho er prikk lik vinnaren av farfaren sin som vann NM i 2015.