Likheiter og ulikheiter

Det kjem ein del spørsmål om kva er forskjellen mellom ein australsk ( vanleg) fugl og ein utstillingsfugl ( engelsk).

Utstillingsundulaten er i opprinnelsen ein heilt vanleg australsk undulat. 

Eg har ikkje så veldig mange australske fuglar om eg går ut frå standard.  Dei eg har er vel kanskje ikkje dei beste representantane heller. Likevel har dei eit greit nok preg til å kunne vise litt av forskjellane mht. utstillingsundultane. 

Eg har prøvd å finne eit lite knippe bilete, som eg håpar gir ein liten forståelse på ulikheitene. 

 

Australske skal ver ganske små og måle 17-18 cm isse til halespiss. Halen skal ver lang og utgjer ca halvparten av fuglen si lengde. Dei skal ha fine runde spottar, som eit fint markert perlekjede rundt halsen. Augene er runde og du skal sjå augene når du ser rett på fuglen, frammafrå. Når dei sitt på pinnen, skal linja ( frå isse til hale) ha ca 45 graders vinkling. Klossete formulert, men eg kan ikkje faguttrykka. Ha ha

Link: standardbeskrivelse NUK

http://norsk-undulatklubb.no/application/files/5714/5332/6236/StandardForAustralskUndulat.pdf

 

Utstillingsundulaten er ein del større og tyngre, og har og skal ha breiare/grovare fjører. Huskar eg ikkje feil, skal lengda frå isse til halespiss ver mellom 22,5 cm og opp til 26 cm. Eg synes også å huske at halen skal utgjer 1/3 av hele kroppslengda.

Hovudet er rundt, og fjøra skal ikkje ligge heilt inntil hovudet som hos dei australske. Dei har mykje meir "sveis"  (lift) og fjørene omkransar liksom heile hovudet og nebb, slik at nebbet virkar godt tilbaketrekt og er ikkje så synleg. Dei skal på ei utstilling ha 3 spottar på kvar side, som er store og runde ( der er unntak i forhold til mutasjon). Spottane skal ligge eit godt stykke ned på bringa. (djup maske). Du skal ikkje sjå augene tydleg når du ser fuglen rett frammanfrå. Augene ligg litt lengre frå kvarandre enn dei australske, og dei er litt smalare. Ofte høyrer ein at fuglane har ørneblikk. Dei skal ha ei litt anna haldning når dei sitt på pinnen enn det den australske undulaten har,  og vinkelen skal ver omtrent 30 grader. Det betyr at dei har ei meir opprett sittestilling. 

 

Link; Utstillingsundulaten NUK

http://norsk-undulatklubb.no/index.php/undulaten/utstillingsundulat

 

 

-------------------------------------------------

Der er mange rare forestillingar eg har fått høyre om utstillingsundulaten. Dei er klumpar som er late og berre sitt der, det er liksom ikkje noko liv i dei osv osv osv. Dei kan ikkje ta meir feil!

Mine er ikkje late. Dei sitt ikkje berre der og dei flyg. Men, fuglane treng litt plass å omrømme seg på. 

Dei australske er ganske små og dei er generelt sett kjappare i vendinga, men dei er ikkje meir aktive på nokon slags måte her hos meg i allefall.

Er ikkje det slik med andre dyr også då? Dei store treng litt meir plass enn dei små? Dei små er generelt sett litt kjappare i vendinga, men utholdenheita og aktivitetsnivå er det lite forskjell på. 

Eg held ein knapp på lynnet til utstillingsfuglen. Eg synes dei virkar å ver meir uredd og det er ikkje ofte, om aldri, det har kome nervøse ungar. Det har eg opplevd hos dei vanlige/australske. 

Innan utstilling vil ein ikkje ha nervøse fuglar. Det er ikkje bra for fuglen. Å dømme ein fugl som er nervøs, er heller ikkje lett. Dei vil bli stram og stikke av og heile kroppsholdninga viser dei er redde. Fuglane skal ver harmoniske. I generasjonar har det blitt lagt vekt på lynnet/gemytt til utstillingsfuglane innan avl. Då sei det seg sjølv at ei bevisstheit rundt dette, fører til meir uredde fuglar.

Det samme arbeidet er ikkje blitt gjort blandt dei australske. Vi finn alt frå dei som har den naturlige nyskjerrigheita i seg og til dei som er veldig sky. 

Veldig sky fuglar er ikkje noko eg ønskar å ha. Skulle det bli eit kull hos nokon, der den nervøsiteten og skyheita gjer seg gjeldande, går ikkje dei fuglane i hekk meir. 

Eg vil heller ikkje selge slike fuglar å overlate problemet til andre og eg vil heller ikkje ta i mot fuglar som nokon har gitt opp temminga på, fordi dei er redde. Då forplantar problemet seg vidare. 

Det er stor forskjell på ein fugl som ikkje er tam til det å ver nervøs, slik det ikkje blir misforstått. 

Å drive oppdrett er ikkje berre å sette to fuglar i saman å få ungar på dei. Det er mange ting ein bør ha gjort seg tankar om. 

 

 

-------------------------------------------------------------------

 

Nokon lurer også på; kan vi ha ein australsk og "engelsk" fugl i samme bur? Kan ein blande desse fuglane i hekk? 

Ja til begge deler. Ein undulat er ein undulat, enten den sorterar under australsk eller "engelsk". Det er ikkje noko anna enn om du har to ulike katteraser eller to ulike hunderaser i lag. Kul

 

Nokon gongar les ein også om ungar/fuglar som er antal prosent engelsk.

Døme: fuglen er 75% engelsk, eller 25 % engelsk, eller 67,5% engelsk osv osv.

 

Det finnes ein standard størrelse og standard preg. Det går på kvalitet, frå god til dårleg. Ikkje på prosent. 

Svært mange rundtomkring er som nokon av mine, ei blanding som er for stor i den eine gruppa og for små i den andre og har blandingspreg i større eller mindre grad. Ha ha