Ein liten utstillingsguide.

 

Det kjem ein del spørsmål om utstilling og eg veit også mi eiga usikkerheit den første gongen eg skulle stille.

Eg var så usikker på kva som skulle skje, kva dette var, kva skulle til osv osv. og eg har derfor laga ein liten guide om dette med utstilling. 

 

Ein ting fann eg ut etter mi første utstilling, og det var at det faktisk er litt lurt å trene fuglane før ein stiller. 

Og det var andre småfeil eg gjorde, fordi eg ikkje visste om det. Forvirret 

Ein eigen tråd om trening vil bli laga så snart eg rekk det, med tips og råd, kva kan ver lurt og kanskje ikkje like lurt? Smiler stort

 

FORMALITETAR

 

Der er litt formalitetar som må på plass før du kan stille. Pr. i dag er det slik at du må ha ala fram fuglen din sjølv og den skal ver ringmerka med din ring.

Du kan ta med å stille fuglar FOR andre og i oppdrettaren sitt namn. Det er ikkje uvanlig at det skjer. 

Vi har fleire lokale tropefuglgrupper som har ringsalg. Tropefuglgruppene er tilknytta NTL.

Spesialklubben i Norge for undulatar heiter Norsk Undulatklubb og har sine ringar der det bl.a står NUK på. For å få kjøpe ringar, må du ver betalande medlem.

Du melder deg inn på www.norsk-undulatklubb.no under "kontakt oss" ----> innmelding. 

 

NUK arrangerar to utstillingar i året.

Den eine i mai/juni. Denne utstillinga er retta mot ungfuglane. Dvs. ungar i inneverande sesong og dei som blir kalla derby. Derby er fuglane som er ringmerka med sesongen i fjor.

 

I oktober kvart år er det Landsutstilling (LU), då for alle tropefuglar. Der har også NUK sitt eige arrangement, NM.

Reglane er dei samme der. Eigenoppdretta fugl, ringmerka og betalande medlem.

På denne utstillinga er der ikkje aldersbegrensning på fuglane.

 

Som betalande medlem i NUK får du automatisk invitasjon til utstillingane, der det også er påmeldingsskjema ang fuglane, bestilling av hotellrom for den som treng det.

NUK har reservert ein del rom til den som skal stille, slik ein veit der er plass til dei fleste. Innbydelsen inneheld også påmelding til festmiddagen med premieutdeling og ikkje minst, sosialt samvær.

I innvereande år ( 2017) kostar det kr 100 pr. påmeldte fugl, men det er også ei maks-grense på kr 600. Stiller du 10 fuglar, er det 600 kr som gjeld. 

 

KVA FUGLAR KAN STILLAST?

 

Etter 2015 kan både utstillingsundulatar ( engelske) og fargeundulatar ( australske) stille.

 

Klasse F er fargeundulatane.

Klasse B er for utstillingsundulatar, og det er denne klassa alle nye startar i.

Klasse A er også for utstillingsundulatane. Ein må ha «tjent opp» 30 poeng i klasse B før ein rykkar opp i A-klassa.

 

UTSTILLINGSKASSER

 

Utstillingskasser kan ein bestille og kjøpe via Norsk Undulatklubb. Kassene er som regel ikkje lagervare og klubben har samlebestilling ved behov.

WBO har sett ein standard på kassene, som gjeld både utsjåande og storleik. Ingen kasser skal skilje seg ut med merke, anna farge osv osv, slik at dommaren på nokon måte kan forstå at desse kassene tilhøyrer ein og samme utstillar.

Når eg starta, fekk eg hjelp frå medlemmar i klubben og fekk kjøpt kasser dei hadde til overs. Eg fekk også beskjed om at mangla eg nokon til utstillinga, var det berre å gi beskjed, så skulle eg få låne når eg kom dit.

 

UTSTILLINGSHELGA

Utstillinga er sett til å vare ei helg. Sjølve utstillinga går ikkje over 3 dagar. 

Men på fredag ettermiddag er det innsjekking og registrering av fuglane. Dei to gongane eg har vore med, har innsjekkinga starta ca kl 17.00.

Ein og ein fugl skal no settast i utstillingskassa. Det skal ver godt med mat i kassa og dei skal ha drikkeautomat på kassa. 

Sekreteriatet skal føre inn opplysningar om ein og ein fugl på sitt skjema. Alder, kjønn og mutasjon. 

Ein får tildelt eit nummer pr fugl, der det er kryssa av i kva gruppe den høyrer til. 

Dei einskilde nummerlappane skal limast på fronten av kassa/ene. 

Når dette er gjort, er det å sette kassene der tilhøyrande klasse er. Dette blir ein vist. 

Medan sekretæriatet kavar, noterar og sorterar, har vi andre fri til å kikke på fugl, slå av ein prat, osv. 

 

Sjølve utstillinga startar på laurdags formiddag. 

Det einaste ein må huske no, er å ta av vannautomatane av kassene like før fuglane skal dømmast. ( og huske å sette dei på når dømminga er over)

Alle får utdelt eit skjema, der alle oppdrettarane som stiller er oppnotert, og dei nummera vi fekk tildelt på fredag, står bak namna. 

Då veit vi som publikum kva fugl som er oppe til dømming til ei kvar tid og korleis det går med fuglen/ane. Dommaren skal ikkje vite kven som eig kva fugl. 

Dei gongane eg har vore med, er det fargeundulat/australske som er først i elden. 

Etter dette kjem klasse B og til sist klasse A. 

Kor lenge dømminga pågår, er alt etter kor mange fuglar som stiller. 

Under heile dømminga sit sekretæriatet og noterar plassering som fuglane får, innan dei ulike gruppene dei er i. Fuglane som blir nr 1-5, får poeng.

Der er eit system i dømminga som er veldig enkelt, slik at vi som publikum også forstår kor fuglen blir plassert. 

Den beste fuglen blir plassert til venstre, så kjem nr 2,3,4 og 5 fortløpande bortover.

Den som blir nr 1 i den gruppa, blir sett til sides, for å konkurrere med den som blir nr 1 og sett til sides i neste gruppe osv., heilt til dei finn ein klassevinnar blandt hoer og hannar, og der ein då står igjen med den beste fuglen til slutt. 

 

Etter utstillinga er over, har NUK generalforsamling for sine medlemmar. ( Ungfuglskue, ikkje på LU)

 

Om kvelden er det innbedt til festmiddag, der ein kler seg til selskap. Det er både høgtid og avslappa/mykje prat. 

Det er når middagen er fortært at premieutdelinga skjer. Og så klart, til applaus for dei mange premiane som blir delt ut. Liker

 

Søndag er det som regel heimreise. I allefall for dei som bor eit stykke unna. Kul

 

Eg var ganske så skeptisk og spent kva eg hadde gitt meg ut på den første gongen eg skulle prøve det med utstilling. Eg kjende kun 2 stk og eg forestilte meg at det var ein slags "lukka krets", og det kanskje ikkje blei så kjekt. Og at eg kom til å bli overleten til meg sjølv, forstå lite. 

Eg tok feil. Veldig feil. Folk eg aldri hadde møtt eller snakka med og eg ante ikkje kven dei var, var på pletten med ein gong. Viste meg til rette, hjelpte meg, forklarte og prata med meg og eg blei inkludert med ein gong. 

Under sjølve utstillinga var der nokon på pletten med ein gong å forklarte meg dømmingssystemet, slik eg fekk med meg kva som skjedde og kor det gjekk med mine fuglar. 

Eg reiste heim etter å ha hatt ein veldig positiv opplevelse, lært mykje  og stifta nye bekjendskap, som igjen sporar til at ein har lyst å delta fleire gongar. Liker