Som ny undulateigar, er det mange som er usikker.

Å ver usikker, betyr for meg at den nye eigaren har tenkt igjennom det å ha ein undulat og har ønske om å lære og gi «sin» undulat så gode forhold som mogeleg. Det er veldig positivt.

 

Eg har mange forespørslar av dei som vil ha ein «tam» unge.

Sel eg tamme ungar? Nei. Det gjer eg ikkje.

 Når ungane er klar å flytte frå foreldra, tek eg dei alltid i eit stort bur på stua.

Der har eg dei til observasjon ca 1 veke, før dei får flytte til sin nye familie.

 

Mange gongar har eg fleire ungar i det store buret.

Ungane som kjem over i stua er ca 5-6 veker. Dei er akkurat komen frå mor og far til ei ny verd.

Nokon er redde og usikker, andre er tøffe og har overhode ikkje problem med å utforske den nye verda og er full fart på mat, drikke og utforske leikene eg alltid har i buret til dei. Når dei er mellom 6 og 7 veker, er dei klar for å reise til sin nye heim.

Ja, eg styrar litt med dei og dei får kome ut å flyge, men direkte temming? Nei.

Det eg gjer, er at eg observerar dei med tanke på at dei  finn mat og drikke og korleis dei er i buret, når dei kjem over dit.

Først når dei er komen til 8-9 veker, startar det som er virkelig temming. Og då er dei flytta herifrå....

 Mange opplever at dei første dagen dei har den nye ungen i hus, så er dei så tam.

Nei, dei er ikkje tamme. Dei er usikker og litt redd sin nye heim. Luktene er nye, stemmene er nye, alt er nytt og dei er litt i «sjokk».

Mange opplever også at ungen hverken et eller drikk dei første dagane. Dette er ikkje uvanlig. Men, det går seg til. 

Det er alltid lurt å spør oppdrettaren korleis akkurat denne ungen er van til, slik der i allefal er noko som er gjenkjennelig for dei. Sørg også for at ungen har fleire matstasjonar og drikkestasjonar. 

Det eg kan gjer og prøvar å bruke tid på, er at dei skal få nokre dagar på seg å bli van til folk, lydar, nye inntrykk, for å prøve å gi dei ein litt mindre «sjokk-arta»overgang når dei reiser herifrå.

Det er vanskelig, men eg prøvar så godt eg kan å sjå etter teikn på ungen, som gjer at eg kan ha tankar om at ok, du kan ha potensiale til å bli tam, eller at nei, det kan hende at du blir ei rimelig stor utfordring.

Eg skal ikkje sei at eg alltid observarar rett, men eg prøver så godt eg kan med å anbefale eller fraråde. Eg tek absolutt høgde for at eg kan lære endå meir mht observasjonar.

 Det er den nye eigaren sitt ansvar å bli kjend med fuglen, prøve å lese kropps-språket og bygge opp eit tillitsforhold, slik at fuglen og du/dåkke, har eit flokk-tilhørigheit.

Dette tek både tid og tolmodigheit.

Eg kan anbefale denne linken iå kunne forstå og lese kroppspråket på fuglen din her: http://www.123hjemmeside.dk/hundedyr/5069838

Slik eg opplever det, så er mange undulatar på 7-8-9-10 veker, som ein skikkelig vanskelig ten-åring, som hverken vil eller skal, og må for all del ikkje «fortelle» kor det skal ver.

Jaja, då er det å bruke list og kløkt, samt tolmodigheit, å berre jobbe ufortørna vidare, uten å bli oppgitt og lei.

Nokon let seg overtale i løpet av eit par tre veker, men andre er langt meir sta enn det.

Av tropefuglar, er undulaten er forholdsvis lett å temme og mange kan lære å snakke. Hannane virkar å kunne få eit større ordforråd og snakke tydlegare enn det hoer kan. Ein veit at der er undulatar som har eit ordforråd/setningar på 300-500 ord.

 Får vel berre føye til, TTT? :-D

Før du får fuglen i hus, er det greit å ha handla inn det mest nødvendige til fuglen.

Eg har bur i mange variantar, men eg likar best dei rektangulære bura, med flatt tak. 

Personleg tenker eg at lengda på buret bør minst ver 60 cm. 

Mange bur blir seld med matkoppar som heng på utsida, med eit lokk over. Desse er ikkje så veldig kjekke når ungane er små. 

Det har skjedd fleire gongar at ungar kryp opp i koppen for å kome seg ut, og så har dei sett seg fast inni der. 

Kjøp heller matkoppar som du heng opp inne i buret. 

Ein vannautomat må dei også ha, og dei kan gjerne ha ein matkopp, som dei også har vatn i den første tida.

Ein del bur har plastpinnar. Ein eller to stk er heilt greit, men supplèr med greiner i ulik tjukkelse, slik dei både kan gnage på greinene, men også få "trimma" føttene.

Ein kalkstein og sepiaskal er også lurt å ha. 

Dei fleste undulatar likar å aktivisere seg. Du kan lage leiker sjølv, eller få kjøpt.

Mange liker leiker der det er bjelle på, som lagar lyd når dei leiker med den. Dei likar også å ha leiker som dei kan rive å slite litt i, eller turne. 

Det er ikkje nødvendig å fylle opp buret med leiker, men dei kan gjerne ha 3-4-5 ulike ting, som dei har å sysselsette seg med.

 

I botnen på buret, er det heilt greit å bruke avispapir.

 

Ellers er det lurt å ha litt hirsekolber liggande. Dette er noko ungar som oftast finn rimelig fort. 

Det er ikkje nødvendig å kjøpe frø med alskens tilsettingar. Mange vil ikkje ete det, og det er mykje betre om dei får tilbud om urter og/eller grønsaker. 

 Når du får fuglen i hus, la buret stå ein plass der du oppheld deg mykje. La fuglen få eit par tre dagar på seg til å bli kjend med buret, før du slepp den ut. 

Den treng litt tid å bli kjend med dei nye lydane, lukter osv.

Ikkje styr for mykje med den i det å skulle temme den desse dagane. Bruk heller tid på å prate mykje med den, slik den blir van til stemma di.

Ikkje alle fuglar veit å passe seg for vindua dei første gongane dei er ute av buret. Lim på nokre post-it lappar slik den ikkje krasjar og i verste fall brekk nakken. 

Ikkje dekk til heile buret med eit pledd eller tilsvarande om kvelden. Undulatar har dårlig nattesyn. Om dei kipper seg, kan dei starte å flakse vilt i buret om det er heilt mørkt. 

La dei heller ha eit svakt lys ståande på om natta, slik dei ser å kome seg på pinnen igjen, dersom dei av ein eller anna grunn får panikk om natta.