Dominant arv

Undulaten har tre ulike måtar dei arvar på.

Dominant, recessivt og kjønnsbunden recessiv arv.

 

DOMINANT arv vil alltid vise på fuglen. ( unnateke hos inoar )

Ein unge har alltid to foreldre, og når vi snakkar om arv i forhold til noko, så er det usagte, ein normalteikna fugl det blir sett opp i mot.

Innanfor dei som er dominant, er det nok at ein av foreldra er det for å bringe det vidare til nokon av ungane.

Dei mest vanlige her i landet er; 

Normalteikna (NT) 

Australskbroka (AB)

Spangle

Hollandskbroka (HB)

Dansk Dominant (DD)

 

Arv/enkel formel

Nokon av mutasjonane vi har som arvar dominant, forandrar utsjåande når dei kjem i dobbeltfaktor. Dette gjeld spangle, australskbroka og danskdominant.

Fordi dei forandrar seg, blir det kalla ufullkomen dominant arv. ( i formelen; UD)

Normalteikna forandrar ikkje utsjåande. Heller ikkje hollandskbroka.

EF = enkeltfaktor. DF = dobbeltfaktor.

 

Ef UD x Normal = 50% ef UD, 50% Normal

Ef UD x ef UD = 50% ef UD, 25% Normal, 25% df UD

Df UD x Normal = 100% ef UD

Df UD x ef UD = 50% df UD, 50% ef UD

Df UD x df UD = 100% df UD