Landsutstillinga (NM) i Drammen hausten 15

Så tusla eg meg på utstilling, for første gong. 

Det har vore eit mål eit par tre år. Rett og slett fordi eg ville vite kva det handla om, før eg tok eit standpunkt om dette er retning eg har lyst til eller ikkje.

Det var ein ny opplevelse og ein veldig kjekk opplevelse. 

Ok, det gjekk meir enn bra for min del. Det handla meir om flaks enn kunnskap. Ha ha

Det er veldig mange ting eg ikkje greier å analysere på kva er bra og kva er ikkje bra. 

På den eine sida, betyr det mykje? Nei, det gjer ikkje det. På ei anna side, er eg også nyskjerrig på å forstå og vil gjerne lære.

Eg tillot meg å ver ny og uerfaren, og det som var mest viktig for meg, var heilheitsbildet eg fekk.

Det å bli ønska velkomen av ein "gjeng", bli integrert og bli ivareteken der også alle mine "dumme" spørsmål blei besvart på ein fin måte, betydde mest.

Eg fekk hjelp og fekk forklaring på kva som skjedde, heile tida. Og, eg blei møtt med folk som gleda seg over at det gjekk så fint med mine fuglar. 

I kva miljø møter en slikt?

Dette gjer sitt til at eg gler meg til neste utstilling, som er i Haugesund, ein eller anna gong i juni 2016.

 

Link til resultatlista frå denne utstillinga; 

http://norsk-undulatklubb.no/application/files/5314/4586/0145/NUKsNM2015.pdf