Her bor vi.

Slik er det blitt i dag. 

Boligdelen er vinterisolert og i eine enden er det eit hekkerom, og i andre delen, er det ei luke ut til utevolieret. Utevolieret blei sommaren 15 utvida og er no på knappe 30m2.

I den nye utedelen, velde eg å ta vare på mest mulig vegetasjon, slik dei skal få muligheita til å rote i molda, ete gras osv og ha eit mest mulig naturlig miljø. Dette har eg ikkje angra på. 

Luka ut til volieret står åpen året rundt, unnateke når det er storm. 

Undulatar tåler mykje, og dei takkar ikkje nei til skikkelig regnver eller snø. Då er dei ute og det er eit yrande liv. Etter at utevolieret blir utvida, likar mine undulatar seg ute i sola, sjølv på litt varme ogg fine dagar. Det gjorde dei ikkje før når volieret var mindre. No sitt dei gjerne på ei grein og det ser ut som dei sit å solar seg. 

På vinteren har eg på varme på i boligen, og det held ca 10-12 grader inne i bolig og hekkedel. 

Om hausten/vinteren og tidleg vår, brukar eg UV-lys til dei, slik dei skal få ein jamn tilgang på D-vitaminar året rundt. Dette er viktig for fuglane og ikkje minst når dei skal og er i hekk. 

 

24 mai 2016

Etter vasking og desinfisering av boligdel og hekkedel ( noko eg gjer kvar vår), har det også blitt gjort ombygging inne. Det er blitt nye plater på veggane og nettingveggen mellom bolig og hekkedel er no vekke og erstatta med lexsan. 

Alle gliper mellom plater og listverk er blitt tetta etter alle kunstens reglar og innreiinga er også blitt litt annaleis enn eg har hatt det før. Etter ein del ombyggingar, håpar eg no at det kan fungere fint for fuglane og ikkje minst at det kan bli lett å gjer reint. 

 

12 juli 2017

Eg som håpte eg skulle ver ferdig med forandringar. Ha haBoligdelen har fungert fint og det har vore lett å holde reint der. Hekkedelen har vore liten, men det har gått på eit vis. Så er det no ein gong slik at eg er ute å reiser av og til og då må resten av familien trå til å hjelpe med fuglehaldet. Då blei det bestemt (over mitt hovud) at det var alt for trangt på hekkerommet. Det nye hekkerommet er snart ferdig.  Det gamle hekkerommet er omgjort til karantene/allbruksrom. Liker

Det er ikkje uvanlig at eg mister fugl om hausten. Eg har visst at det er pga ein sopp, coccidiose, som vi har mykje av her i kyststrøka på Nordveslandet og som florerar når det blir mykje regn og fukt. Eg har unnlate å skifte greiner og henta inn ting frå naturen frå ca slutten av sept og til eit godt stykke ut i november. Det eg ikkje visste, var at den soppen overlever i mold. Så med hjelp og tips frå ein som kan seg med jordsmonn osv, har eg følgt råda med å legge duk over molda og fylt på med støypesand og skjelsand. 

No får eg håpe eg kan gå denne hausten i møte uten eg mistar så mykje fuglar.