Utstilling 16-18 juni 2017

Endelig er både dato og stad på plass mht NUK si utstilling i juni. 

 

 

Utstillinga blir i Sarpsborg på Hotell 1016.

I og med LU i 2016 gjekk ut, og dermed også NM for undulatar, blir utstillinga i juni utvida og blir ikkje berre eit ungfuglskue. 
Ein kan stille både utstillingsundulatar og australske.

Etter utstillinga blir det avhelden generalforsamling for medlemmar i NUK, og det blir arrangert festmiddag om kvelden med utdeling av mange flotte premiar.

Vi håpar mange vil delta.

Dette blir knallkjekt! Liker

 

Kriteriar for å bli med.


Du er betalande medlem i NUK.

Fuglen er ringmerka med DIN ring, som er enten ein NUK-ring, NTL-ring, eller du har kjøpt den via di lokale tropefuglgruppe. 

 

Fleire nye har meldt si interesse i å bli med å stille og nokon vil gjerne bli med for å lære, der tankane er å bli med seinare. Kanskje allereie på LU i oktober i år? Liker