Haugesund 10-12 juni

Dommar; Adrian Terheege, England

NUK brukar å arrangere eit ungfuglskue kvart år. 

Ungfuglskue vil sei at det er for undulatar som har har års og fjorårs-ring. For i år vil det sei 2015 og/eller 2016 ring. 

Utstillinga er for både australske og utstillingsundulatar. 

I år er utstillinga lagt til HAUGESUND. 

Med tillatelse, har eg "knabba" informasjon og bilde frå Norsk-undulatklubb si heimeside. Smiler

 

"Ungfuglskuet 2016 finner sted på Scandic Maritim hotel i Haugesund 10. til 12. juni 2016.
Dommer i år vil være Ardian Terheege fra England."

 Får satse på å få teke nokon bilder på utstillinga og få lagt inn. 

 

 

 

 

 

Slik gjekk det.

På ny var det å ver deltakar på utstilling ein kjekk opplevelse for meg. 

Då tenker eg egentlig på heile opplevelsen. Møte igjen kjendfolk, bli kjend med nye, flott ver, fint hotell og beliggenheit i Haugesund, og ikkje minst eit flott arrangement. 

Det er mykje prating og steminga er lett og god og det er ingen følelse av å ver overleten til seg sjølv, på nokon måte. Folk gir råd og har svar om ein lurer på noko.

Om kvelden, etter utstillinga, er det felles middag og premieutdeling etterpå, i ei avslappa steming. Og ein får tid å prate med dei ein kanskje ikkje har rekke tidlegare på dagen. 

 

Innsjekkinga av fuglar starta på fredag seinettermiddag. Alle fuglar skal reisterast med Klasse, alder, kjønn og mutasjon. Dette er det sekretæriatet som tek seg av, og vi får tildelt eit nummer på kvar fugl, som skal limast på kassa, der opplysningane om fuglen også er haka av. På denne måten veit ikkje dommaren kven som eig kva fugl. 

På laurdag var det først dei australske undulatane som skulle dømmast. Olav Halvorsen var dommar. 

Det var veldig fint at han forklarte litt om kvar fugl og kva slags kriteriar det blei lagt vekt på, og kva som avgjorde at den eine fuglen var betre enn den andre.

 

Etter dei australske fuglane var ferdig, var det den klassa ( B-utstillingsundulat) eg tilhøyrer som stod for tur. Vi var berre 3 stk som stilde fugl, så dommaren frå England, Adrian Terheeg tok seg heldigvis tid å forklarte godt kva som var bra og kanskje ikkje så bra på kvar fugl, akkurat slik som Olav gjorde det. 

Eg hadde ikkje så store forventningar til dei eg omsider enda opp med å stille. Egentlig var det mest tilbakemeldingane frå dommaren eg var ute etter. Eg er slettes ikkje misfornøgd med tilbakemeldingar eller plasseringar. Kul

Dei eg enda opp med å stille, var Onyx, Kira, Arizona, Irland, Vienna og Lace. 

Onyx og Kira har så mykje fleck, så eg visste dei ville få trekk for det. Men, tilbakemeldingane på dei, er eg likevel kjemepfornøgd med. 

Den som overraska meg,var Arizona. Ho har eg vore i tvil om så lenge om eg skulle bli med, men ho gjorde det faktisk godt ho i si klasse. 

Lace har eg hatt med på utstilling før, så på eit slags vis visste eg han ville gjer det bra. Samtidig er det også litt smak og behag hos ein dommar også. 

Lace blei nr 1 hannar derby og Onyx kom sist.

Arizona blei nr 2 hoer derby og Kira kom sist. 

Irland blei nr 2 ungfugl hannar og lille Vienna trur eg blei sist i ungfugl hoer. 

Det kom inn ein ny utstillar i mi gruppe, og det er så kjekt at det gjekk så flott for han også. Det gir ein spore til å fortsette.Liker

 

I A-klassa er det langt langt fleire fuglar enn i dei to føregåande gruppene. Eg kan ikkje sei eg fekk med meg alt, men det er ganske så interessant å følge med, gjer sine eigne tankar og sjå kor den ein legg merke til, havnar på dommaren si liste. 

Den som gjekk av med seieren til slutt var ein slik fin lacewinghanne! Den tilhøyrer Gunnar Jensen, og det var ingen tvil om at det var ein glad mann! 

 

Utstillingsmiljøet i Norge er ikkje så stort. Nye folk blir ønska velkomen. Det finnes både hjelp å få og fuglar å få tak i, for dei som kan tenke seg å gå denne vegen. 

Det er berre å spør. Smiler