Velkomen til heimesida mi.

Undulatar er ein hobby som gir mykje glede og eg brukar mykje tid i lag med fuglane mine og fasinasjonen er like stor, om enn ikkje større enn for få år sidan.

Fuglane mine lever i voliere og kun nokre få av dei er direkte tamfuglar.
Likevel opplever eg at det er veldig ro i flokken ( men aktive), og dei er van til å få eit fotoapparat like under "nasen", uten at det heftar dei så veldig mykje.

Undulaten sitt heimland er Australia, der dei lever i store flokkar ute på steppene. 

Dei livnærar seg hovudsakelig på grasfrø, men dei et nok også litt insekt o.l for å få i seg protein.

Allereie på midten av 1800-talet kom den til England. Den spreidde seg raskt utover Europa og resten av verda.
Opprinnelig er undulaten normalteikna lys grøn, men ein kjenner til at den første gule undulaten blei oppdretta i Belgia i 1872 og den himmelblå i 1878.
I mange mange år framover, blei det lagt ned eit stort arbeid i å kunne forstå genetikken og ta vare på fargar og mutasjonar som etterkvart kom fram. ( Kilde NUK)

I Norge er det nok denne tropefuglen vi finn mest av rundtomkring i dei ulike heimane.

Klimaet vi har her i landet, ser ut til å passe undulaten veldig godt. Det er ikkje heilt uvanlig at dei i milde kyststrøk kan leve ute heile året. Dei må ha veldig god tilgang på mat, ein plass å ver i ly for ver og vind, samt gjerne ei varmekilde på dei kaldaste dagane.

Det at mine fuglar får ver ute både i regn og snø, året rundt, får eg mange tilbakemeldingar på.
Her eg bor på Sunnmøre, er det ganske mildt året rundt med litt snø kun i dann og vann. Fuglane har også eigen vinterisolert bolig som er tilknytta volieret, og dei vel sjølv om dei har lyst å ta turen ut. Dei storkosar seg ute, det er ei myte at dei må ha det varmt, og i allefall minst 20 grader.

Vi finn mykje god informasjon om undulatar på nettet.

Spesielt vil eg trekke fram http://www.norsk-undulatklubb.no og www.undulater.no.

På dei to sidene er der mange trådar/tema, som eg ikkje kjem til å legge noko stor vekt på her på mi heimeside, fordi det er så godt dekka på dei sidene.

Her på mi side vil du finne litt om mitt fuglehald og korleis mine fuglar har det, i ord og bilder.
Litt genetikk må eg berre ha med og hekking/hekkedagbøker. Nokre ord om kosthold og litt småtips til dei som kjøper sin første fugl og kva eg tenker bør ver på plass. 

Etter å ha vore på forum ein del år, ser eg også at interessa for dei "engelske" undulatane er stigande.

Når det gjeld utstilling, så opplever eg det som skikkelig spennande og kjenner at pr i dag er det ein veg eg har lyst å fortsette med.  Kul

Håper sida kan ver til glede og kanskje inspirasjon for mange, uansett om det er ein stuefugl du har eller har mange.

 

Anne